På tide å samle vennegjengen til nokre dagar fylt med ro og avslapping i spa? Ta turen til vakre Geiranger og kombiner avslapping i Union Spa med spektakulære naturopplevingar. Under har vi samla nokre gode tips til aktivitetar og opplevingar som kan passe til vennegjengen.
Forslag til aktivitetar vår/sommar/haust:
Topptur til ein av fjelltoppane som ruvar høgt over Geiranger: Vinsåshornet, Geitfonnegga eller Laushornet. Alle tre gir spektakulær utsikt over Geiranger og fjorden.
Ønskjer du å gå ein litt kortare tur så kan vi anbefale desse: Skageflå, Løsta eller Storsæterfossen. Her finn du fleire turtips.
Selfie-tid: Besøk dei kjende utsiktspunkta Flydalsjuvet og Ørnesvingen. Vi kan og anbefale eit besøk til toppen av Dalsnibba (bilveg heile vegen opp, normalt ope frå mai/juni - september/oktober.)
Fartsfylt moro med fjordsafari på Geirangerfjorden. Kom tett på naturen i opne ribbåtar.