Jula nærmar seg, og det er tid for å samle kollegaer, venner og familie til ei minnerik feiring. Kva med å gjere noko ekstra spesielt i år? Her på Hotel Union Geiranger inviterer vi deg til ei stemningsfull førjulstid i vakre Geiranger.
Vi byr på eit spennande program for dei ulike julebordshelgene:
Vi byr på eit spennande program for dei ulike helgene, her er nokre smakebitar:
DJ Marianne Jemtegård i Union Dancing
DJ Marianne Jemtegård sørger for god stemning med fengande musikk i Union Dancing både fredag og laurdag. Gjeld alle julebordshelger utanom 22.-24. November.
Yoga & Cold Water Swimming
Helgene 15.-17. November og 6.-8. Desember får vi besøk av dei dyktige yogainstruktørane våre, Linda og Vendela. Dei inviterer oss med på ulike yogaøkter, meditasjon og Cold Water Swimming i Geirangerfjorden. Gjeld helgene 15.-17. November og 6.-8. Desember
Bålkos
Velkomen til ei stemningsfull stund rundt bålpanna ute i hotellhagen. Grill pølser eller marshmellows på bålet, og kanskje kjem nissen? Gjeld laurdag 15. og 22. November.
Historieforteljing i veteranbilgarasjen
Filmframsyning i veteranbilgarasjen - høyr Karl Mjelva fortelje historia om veteranbilane, Geirangerbygda og hotellet. Gjeld kvar helg.
Julekonsert & aperitiff
Kvar laurdag i julebordsperioden inviterer vi til ein stemningsfull julekonsert med lokale artistar ved peisen i foajeen. Pris kr. 250,- pr. person inkl. aperitiff. Gjeld kvar laurdag utanom laurdag 23. November.
Kønnjøl og neip
Bli med på ølsmaking i Mollaløa og høyr historia om lokale bryggetradisjonar. Påmelding og minimum 5 personar. Pris kr. 495,- pr. person. Gjeld kvar helg utanom larudag 23. November.
Union Bad & Spa
Nyt ei avslappande stund i Union Spa! Start helga tidleg med ein spadag. Len deg tilbake i godstolen og nyt utsikta, eller kva med ei velgjerande spabehandling med ein av dei dyktige terapeutane våre? Nyt blåtimen og stjernehimmelen i det oppvarma utandørsbassenget vårt.
Inngang til Union Bad er inkludert i opphaldet. Dagspass Union Spa kr. 400,- pr. person. Ettermiddagspass kr. 250,-.
Det populære julebordet vårt byr på ein rikhaldig buffet med det beste frå norske juletradisjonar blanda med nye og moderne smakar. Nyt saftig ribbe med sprø svor, dampa pinnekjøt, lutefisk og eit innhaldsrikt koldtbord. Dei dyktige konditorene våre tryller fram dei flottaste kaker og desserter til den store dessertbufifeten, inkludert riskrem, karamellpudding og andre søtsaker som høyrer jula til!
Med råvarer frå lokale leverandører og kokkar som set stoltheita si i å servere autentiske smakar, vil eit julebord hos oss vere ei gastronomisk oppleving du seint vil gløyme.
Hotel Union Geiranger er kjent for si varme atmosfære. Frå midten av november blir hotellet og Geirangerbygda forvandla til eit vintereventyr med vakker julepynt, glitrende lys og fyr på peisen. Utsikta over den majestetiske Geirangerfjorden og snødekte fjell set ramma for ei magisk julestemning.
Gjer opphaldet komplett med eit velgjerande besøk i Union Bad&Spa. Len deg tilbake i godstolen og nyt utsikta, eller kva med eit bad i det oppvarma utandørsbassenget under stjernehimmelen?
Anten du planlegg eit julebord for bedrifta, vennegjengen eller storfamilien så har vi løysingar som passer for deg. Dei dyktige selgarane våre Elisabeth og Maren står klare til å skreddersy arrangementet etter dine behov, så ta kontakt for å starte planlegginga!
Velkommen til ei stemningsfull førjulstid i vakre Geiranger!
Bestill opphald