15. november - 13. desember

Fjordromantikk + julebord

Førjulstida er ei hektisk tid. Då er det viktig å finne rom for små pustepausar og tid til å pleie kjærleiken! Kvar fredag i julebordstida frå 15. November til 13. Desember inviterer vi alle turtelduer til eit romantisk opphald med julebord i vakre Geiranger. Her kan du finne kvilepulsen og lade opp til siste innspurten før jul. Nyt god julemat, vakker natur, spa, velvære og ikkje minst kvalitetstid med kvarandre! Pakken inkluderer overnatting i oppgradert rom med fjordutsikt fredag til laurdag, inngang til Union Bad & Spa under opphaldet, sjokolade og bobler på rommet ved ankomst og Unions store julebord.

Tips til aktivitetar og opplevingar:

  • Nyt blåtimen og sjå på stjernene frå det oppvarma utebassenget, er du ekstra heldig så kanskje du får oppleve nordlyset! Ved sjeldne høve kan ein sjå nordlyse danse over fjella ute i fjorden.
  • Nyt ein god frukost i Union Spa.
  • Ta med ei god bok og len deg godt tilbake i ein av dei gode liggestolane i Union Spa.
  • Litt frisk luft gjer godt! Gå den spektakulære fossevandringa ned til sentrum.
  • Besøk dei populære fotopunkta Flydalsjuvet og Ørnesvingen - ein selfie i lag med din kjære er eit must!
  • Ønskjer du å oppleve Geirangerfjorden i vinterdrakt så tilbyr Fjordguiding ribturar på førespurnad heile året! https://www.visitgeiranger.com...

Dette er inkludert i pakken:

  • Overnatting i rom med fjordutsikt
  • Inngang til Union Bad &  Spa under opphaldet
  • Unions store julebord 
  • Frukost 
  • Sjokolade og bobler på rommet ved ankomst

Pris frå kr. 3700,- for 2 personar frå fredag til laurdag. 

_TMO9520_E.jpg

_TMO3367_E_redusert.jpg

Bestill opphald