Familiepakke

På Hotel Union får barna tid til å leike og bade, samtidig som dei får kvalitetstid saman med foreldra sine. Dei vaksne får tid til både seg sjølve, kvarandre, og sjølvsagt heile familien samla. For oss er det viktig at heile familien sit igjen med kjensla av å vere knytt sterkare saman.

Opplev Geiranger
Geiranger har mykje å by på! Vi har flotte turmoglegheiter rett utanfor hotellet, både korte og lengre turar. Vi kan varmt anbefale turen å ta turen opp "Mørkja" til Vesterås gard. Her kan de helse på både geiter og lamaer, samt kjøpe vafler, is eller ein god lunsj i restauranten i den gamle låven. Det er også mogleg å gå vidare opp mot Storsæterfossen, der de kan gå bak fossen eller ein litt kortare tur ut til Vesteråsfjellet. Her finn de fleire gode tips til turar de kan gå. Besøk Norsk Fjordsenter og lær om både geologi, landskapsformer og naturmangfald. Eige aktivitetsrom for born i kjellaren. Vi kan og varmt anbefale å gå Fossevandringa ned til sentrum av Geiranger, her kjem de tett på Geirangerelva. 

Andre familievenlege aktivitetar:

- Zipline og Via ferrata hos Explore Geiranger. (I sesong)
- Padle kajakk på Geirangerfjorden. (I sesong)
- Leig el-sykkel. 
- Rib-tur på fjorden. (Tilgjengeleg heile året!)
- Sightseeingtur på fjorden med MS Geirangerfjord. (I sesong)
-
 Besøk Norsk fjordsenter (Ope heile året!)

Her finn du fleire gode tips til aktivitetar og opplevingar i Geiranger:

Topp 10 aktivitetar og opplevingar i Geiranger om sommaren.
Topp 10 aktivitetar og opplevingar i Geiranger om hausten.

Familiepakken inneheld:

  • Overnatting i standard familierom for inntil 2 vaksne og 2 barn.
  • Unionsbuffet i Restaurant Fjorden.
  • Frukostbuffet i Restaurant Fjorden.
  • Inngang til Union Bad.

Frå kr. 3500,- for 2 vaksne og 2 barn.

Innandørs barnebasseng hjå Hotel Union Geiranger.

hotel_union_geiranger_høst_tonemolnes_2018_TMO3949.jpg
_TMO2009_E.jpg

hotel_union_geiranger_sommer_tonemolnes_2018_TMO0840.jpg

Bestill opphald