Hotel Union Geiranger ligg midt i hjartet av Noregs vakraste natur. Geirangerfjorden vart skriven inn på Unesco si verdsarvliste i 2005. Hotellet er eigd og dreve av fjerde generasjon familien Mjelva og har tradisjonar tilbake til 1891. Eit fullservicehotell med 197 hotellrom og suiter, hovudrestaurant, brasseria med a la carte, kafe, barar og bankettavdeling. Union Bad & Spa - velværeavdeling med 1500kvm. Veteranbilmuseum og stort konferanseanlegg.


Barsjef

Er du den nye barsjefen vår? Vi søkjer ein engasjert og erfaren Bar Manager til hotellbaren på Hotel Union Geiranger!

Baren er ein sentral del av vårt konsept og ein sosial møteplass for gjestane våre – frå lunsjservering til pre-dinner cocktails og kveldsdrinker. Vi legg stor vekt på kvalitet, unike smaksopplevingar og ekte handverk, noko vi også ønskjer å vidareføre i baren.

No ser vi etter deg som kan leie vårt barteam og vidareutvikle konseptet i tett samarbeid med vårt F&B-leiarteam.

Søknadsfrist: 15. april!

Bakar

Vi søkjer ein dyktig bakar til sesongen 2025

Hotel Union Geiranger søkjer ein nøyaktig, dyktig og effektiv handverksbakar til vår hoteldrift i Geiranger, som ønskjer å bli ein del av vårt team. Du vil jobbe på vårt kjøkken og produsere søt gjærbakst og brød til vårt nye utsal for sesongen 2025.

Arbeidsplanen legg vi opp saman, men utsalet vil ha opningstider frå kl. 10.00 kvar dag gjennom sesongen. Stillinga inneber produksjon av søt gjærbakst, brød, scones og andre bakevarer.

Vi ser etter ein person som jobbar ryddig, reint, systematisk og effektivt, og som er punktleg med god kunnskap om IK-mat. Du må også trivast med å jobbe i team. God munnleg engelsk er eit krav.

Produksjonen vil finne stad på hotellets kjøkken.

Resepsjonist

Vi søker etter skandinavisktalende resepsjonist i fast stilling. Sjå stillingsbeskrivelse under for meir informasjon om stillinga. 

Arr. planlegger

Hotel Union Geiranger søkjer ein engasjert og strukturert arrangementsplanlegger som brenn for å skape unike opplevingar for gjestane våre. Du vil ha ansvar for å planlegge og koordinere alt frå bryllaup og selskap til kurs og konferansar.

Er dette noko for deg?

Kontakt Oddbjørg Solhaug for meir informasjon om stillinga eller send oss ein søknad!

Regnskaps- medarbeider

Hotel Union Geiranger søker ein nøyaktig og ansvarsfull regnskapsmedarbeider. Du vil ha ansvar for rekneskap, rapportering og økonomiske analysar, og bidra til å sikre solid økonomistyring.

Høyrest dette ut som noko for deg?

Ta kontakt med Oddbjørg Solhaug for meir informasjon om stillinga eller send oss ein søknad!

Selger

Er du den nye selgeren vår? Hotel Union Geiranger søkjer ein dyktig og engasjert selger som vil vere med på å skape unike opplevingar for gjestane våre. Har du ein god dose kremmerånd, eit vinnande vesen og eit driv for å skape resultat? Då kan du vere personen vi ser etter!

Sjå stillingbeskrivelsen under for meir informasjon om stillinga.

Booking-/ revenue medarbeider

Har du lyst til å bli ein del av teamet vårt? Vi søkjer etter booking-/ revenuemedarbeider i 100 % fast stilling.Sjå stillingsbeskrivelsen under og send oss ein søknad om dette kan vere noko for deg!

Kokkar og servitører

Hotellet har eit variert tilbod innan mat og drikke, fordelt på fleire serveringsstadar som brasserie, hovudrestaurant med buffetservering, pool kafé, samt arrangement og bankettar. No ønskjer vi å utvikle konsepta våre vidare og søkjer etter fleire dedikerte kokkar og servitørar til teamet vårt. 

Bli med oss og ta del i eit team som jobbar i verdas vakraste omgjevnader!

Sommelier og servitør

Hotellet har eit variert tilbod innan mat og drikke, fordelt på fleire serveringsstadar som brasserie, hovudrestaurant med buffetservering, pool kafé, samt arrangement og bankettar. No ønskjer vi å utvikle konsepta våre vidare og søkjer etter ein dedikert sommelier og servitør til teamet vårt!

Union Spa

Vi søkjer etter fleire dyktige medarbeidarar i Union Spa:

- Hud- og kroppsterapeutar.
- Massører.
- Sparesepsjonistar.

Sjå stillingsbeskrivelse under for meir informasjon!