Vi vil gjerne skape rammene for den dagen de alltid vil huske. I brudesuiten ligg badekåpene klare, på djupe senger. Og med utsikt over fjell og fjord. Hotellet har eigne hudterapeutar som har pynta mang ei nervøs brud.

Konditorane og kokkene våre står klare til å imponere selskapet med etasjekaker og bryllaupsmeny laga av lokale råvarer. Det obligatoriske brudebildet kan takast både ved Ørnesvingen eller Flydalsjuvet. Vi stiller uansett med blankpolert veteranbil til kyrkja. Ønskjer de musikk og dans, står nattklubben til disposisjon, men vi har også andre festlokaler tilgjengeleg.

Ta kontakt med oss i god tid, slik at de er sikre på å få det akkurat slik de drøymer om. Teamet vårt står klare til å hjelpe til med å oppfylle den draumen. Så dagen kan bli eit minne for livet. 

Brudepynting

Hotellet har eigne hudterapeutar som har pynta mang ei nervøs brud. Vi tilbyr konsultasjon på førehand. Hjå oss kan du lade opp til den store dagen med ei fuktgjevande ansiktsbehandling eller ein avslappande massasje.

Fotografering

Det obligatoriske brudebildet kan takast både ved Ørnesvingen eller Flydalsjuvet. Vi har også mange gode tips til andre gode fotopunkt. Treng du tips til gode bryllaupsfotografar så spør oss gjerne.

Frisør

Vi har ikkje eigen frisør på huset, men vi hjelper deg gjerne med å booke inn ein frisør som kjem hit til hotellet og steller håret.

Flotte festlokaler

Geirangersalen er vår største festsal; perfekt til bryllaup. Heve- og senkescena har stor fleksibilitet og byr på mange moglegheiter. Takhøgda i salen er 5,5 meter, og panoramavindu slepp inn mykje lys og natur. 

Deltakarar 100 - 500
Sjå oppsett
 

KONFERANSEOPPSETT

Flotte festlokaler

Bankett
Bankett
Langbord
500
(200)
Bankett
Bankett
Ovale bord
400
(200)

Geirangersalen kan delast i to mindre separate salar. Tala i parentes viser antall deltakarar når salen er delt.

Lukk oppsett