Geiranger er ei lita bygd med omlag 230 fastbuande. Vi har skule frå 1.-10. trinn, barnehage og aldersheim. Reiseliv er den heilt klart største næringa i bygda, og i sommerhalvåret aukar innbyggartalet kraftig grunna alle sesongtilsette som kjem til bygda for å arbeide. Hotellet er den desidert største arbeidsplassen i bygda og er ein av nokre få bedrifter som tilbyr heilårsarbeidsplassar. Vi er stolte av å vere ei hjørnesteinsbedrift og jobbar kontinuerlig i samspel med andre bedrifter og aktørar i bygda for å skape eit levande bygdesamfunn året rundt, utvikle bygda i ei meir bærekraftig retning, samt å jobbe mot at Geiranger i større grad skal bli ein heilårsdestinasjon.
Hos Hotel Union Geiranger er bærekraft ein kjerneverdi som går hand i hand med vår lidenskap for å skape minneverdige opplevingar for gjestene våre. Plasseringa vår i hjartet av verdsarvområdet Geirangerfjord gjer det til eit felles ansvar å ta vare på naturen, kulturen og lokalsamfunnet rundt oss. Her er nokre av tiltaka som viser korleis vi jobbar med berekraft:
Hotel Union Geiranger er stolt sertifisert som Miljøfyrtårn. Dette betyr at vi oppfyller strenge krav til miljøarbeid, energieffektivitet, avfallshandtering og arbeidsmiljø. Gjennom kontinuerleg utvikling og evaluering sikrar vi at vi held oss i forkant av bærekraftige løysingar.
Vi trur på verdien av eit levande lokalsamfunn. For å sikre at tilsette har ein trygg og god stad å bu, bygde vi i 2022 eit leilegheitskompleks med 24 moderne leilegheiter. Dette prosjektet bidrar til å gjere det meir attraktivt å arbeide og leve i Geiranger.
I tillegg har vi eit sterkt fokus på å rekruttere tilsette med familie, noko som gir grunnlag for stabilitet og vekst i lokalsamfunnet.
Som eit ledd i å redusere bruken av kjemikalier har vi innført bruk av ozon-vatn i reinhaldet på hotellet. Denne teknologien er både effektiv og skånsam for miljøet, og bidrar til å redusere vårt fotavtrykk. Vi har erstatta bortimot all bruk av kjemikalier i reinhald til ozonvatn. Ozonvatn er eit hurtigvirkande og effektivt reingjerings- og desinfiseringsmiddel der ørsmå mengder ozon blir blanda med vatn. Denne prosessen gir oss eit kraftig verktøy for å fjerne bakterier, utan behov for giftige kjemikalier som kan vere skadeleg for både menneske og dyr, som for eksempel klor.
Matsvinn er ei av dei største utfordringane innan hotell- og restaurantdrift. Vi har eit sterkt fokus på å minimere matsvinn gjennom god planlegging, kreativ matlaging og tett oppfølging. Mat som ikkje kan nyttast, går til eit anna viktig tiltak.
Hotellet har eit stort komposteringsanlegg som gjer matavfall om til jord. Dette bidrar til å lukke krinsen i matproduksjonen og redusere mengda avfall som blir sendt til deponi. Den produserte jorda blir brukt i lokale prosjekt og til hagearbeid.
Hotel Union Geiranger støttar og arbeider aktivt med FNs berekraftsmål for å bidra til ei meir berekraftig verd. Gjennom våre tiltak knytt til klima, miljø, lokalsamfunn og ansvarleg forbruk, strekkjer vi oss mot å oppfylle desse globale måla.
Vi ser på bærekraft som ein del av eit felles ansvar for framtida. Gjennom desse tiltaka og mange fleire, jobbar vi kontinuerleg for å sikre at Hotel Union Geiranger er ein positiv kraft for miljøet, lokalsamfunnet og gjestene våre. Vi håpar at du som gjest kjenner deg inspirert til å vere med på denne reisa saman med oss.
Velkomen til eit bærekraftig opphald hos oss!