18. desember 2024

Julegåvetips

Gi ei oppleving til jul

Kva med å leggje ei oppleving under juletreet i år? Eit gåvekort frå Hotel Union Geiranger er ikkje berre ei gåve – det er ei oppleving fylt med minnerike augeblink. Enten det er ein romantisk weekend, eit avslappande spa-opphald eller ei helg med familien, så gir du nokon du er glad i sjansen til å nyte noko heilt spesielt. Perfekt til den som "har alt" eller som fortener noko ekstra! 

Gåvekortet kjøper du enkelt på nettsida vår og får det tilsendt på epost i løpet av nokre få minutt – så er årets personlege og unike julegåve i boks.

Gi ei gåve som gleder både no og lenge etter jul!


hotel_union_geiranger_hst_tonemolnes_2018_TMO3426.jpg


Til din kjære:
Spapakke - Nyt eit spaopphald med god mat, avslapping og ro.
Fjordromantikk - Eit romantisk spaopphald med overrasking på rommet ved ankomst, middag, frukost og fri tilgang til Union Spa under opphaldet.
Valentinspakke - Feir valentinsdagen hos oss 11.-14. februar.

Til mor:
Jentehelga 6.-9. Mars - Velkomen til den ultimate jentehelga! Her blir det treningsøkter med Desiree Andersen, yoga, spennande foredrag, spa, god mat og drikke! 
Strikkehelg 1.-4. Mai - Dette er helga for den strikkeglade! Vi ønskjer velkomne til ei sosial helg med mykje inspirasjon og strikkeglede!
Gåvekort spabehandling - Gi mor eit gåvekort på ei velgjerande spabehandling.

banner_lyskunst2.jpg

Til far:
Lyskunstfestival 14.-23. Februar - Geiranger Lyskunstfestival er ei unik kunst- og naturoppleving som forvandlar Geiranger til eit storskala, utandørs lyskunstlandskap.
Italiensk helg 28-30. Mars - Denne helga tek vi deg med på ei kulinarisk reise til Italia! Kjøkkenet vårt set fokus på det italienske kjøkkenet og byr på smakfulle rettar inspirert av autentiske italienske tradisjonar.
Gåvekort spabehandling - Gi far eit gåvekort på ei velgjerande spabehandling.

Promo_familiepakkebasseng.jpg

Til familien:
Familiepakke - samle familien til ei avslappa helg hos oss med bading, vakker natur og god mat! Vi kan varmt anbefale å ta turen i vinterferien og oppleve Geiranger Lyskunstfestival. Ei spennande oppleving for både store og små!

Til besteforeldre:
Seniorpakke - Nyt eit opphald med god mat, bading og avslapping i Union Spa. Opplev dei ulike årstidene i Geiranger.