God jul frå oss på Hotel Union Geiranger
Kjære gjester og samarbeidspartnarar,
Vi vil gjerne takke for eit spanande og innhaldsrikt år fylt med gode opplevingar, hyggjelege møter og minnerike stunder her i vakre Geiranger. ❤️ Det er ei stor glede for oss å kunne dele hotellet og den vakre bygda vår med dykk, og vi set stor pris på alle som har besøkt oss i 2024!
No tar vi ein liten pause og held hotellet stengt for ordinær drift fram til tysdag 11. februar 2025. Dette gir oss tid til å lade opp og legge gode planar slik at vi kan ta imot dykk med nye krefter og spennande opplevingar i det komande året.
Vi ser fram til å skape fleire magiske augeblikk saman med dykk i 2025! 🌟
Med ønskje om ei riktig god jul og eit strålande nytt år frå alle oss på Hotel Union Geiranger.
Hjarteleg helsing, Familien Mjelva og Personalet.