01. - 03. november

Smak av hausten

Helga 1.-3. November inviterer vi til hausthelg med smak av hausten! Den populære Unionsbuffeten vår vil bli krydra med råvarer og smakar som høyrer hausten til. Hotel Union Geiranger fyller 125 år i år og vi byr difor på ekstra gode jubileumsprisar denne helga. Dette er ei helg som er perfekt for å samle familien til ei jubileumsfeiring, eller berre ta med din kjære eller ein god ven på ei etterlengta velværehelg med spa, avslapping, god mat og vakker natur. 

Haust- og jubileumsbuffet
Vi prisar den herlege inngongen til julemånadane med eit rikt utval av skaldyr, fisk, eit variert utval av smakfulle salatar, varmmat med sjømat, vilt og grønsaker. Smakane er frå både nær og fjern, der vi kombinerar det beste frå haustens spisskammer med smakar frå Norden og frå nord til sør langs Middelhavskysten. Vi kan nevmne rettar som heilsteikt hjort med appelsin og varme krydder, reinsdyrskav med skogsopp i Rørosrømme, bakt villkveite med sitron og salvie, skagenrøre med kongekrabbe, kokt sjøkreps og mykje meir! 

Hudpleiekurs med Babor
Trine frå Babor vil vere hos oss denne helga og  tilbyr både individuell hudanalyse og hudpleiekurs. Lær meir om korleis du bør beskytte huda di gjennom ein tørr og kald vinter.

Yoga
Laurdag og søndag tilbyr vi yogaøkter i tårnet med spektakulær utsikt over Geirangerfjorden. Start dagen med ei avslappende og styrkende yogaøkt. Vi tilbyr ei morgenøkt og ei formiddagsøkt. 

Osteopati
Denne helga får vi og besøk av osteopat Kristina Hjorth. "Treng du ein reset for å takle kvardagens stress og smerter"? 
Gjennom livet blir kroppen vår utsatt for fysiske og psykiske påkjenningar. Sjølv om kroppen er god på å tilpasse seg så hugsar den kvart einaste støt. Ein dag blir det for mykje. Kroppen reagerer med smerter, nedsatt funksjon elle mindre energi, ofte finn vi ikkje den eigentlege årsaka til symptoma. Etter å ha studert fysioterapi i Frankrike, innsåg Kristina at vi ofte berre behandlar symptoma. Ho søkte difor djupare kunnskap innan osteopati, der kroppen blir sett på som ei heilheit, og ein leiter etter den underliggande årsaka til problema. Framleis følte Kristina at noko mangla, difor utvida ho sin kunnskap innan kinesisk medisin og biologisk avkoding for å kunne frigjere dei energiblokkeringane og emosjonelle minna som ofte er knytta til fysiske plager. 

IMG_4396_35_.jpg


Priseksempel (Prisane gjeld per natt):

Fjordromantikk-pakke frå kr. 3700,- for 2 personar. 
Seniorpakke frå kr. 2675,- for 2 personar/ 1335,- for enkeltrom.
Spapakke frå kr. 3290,- for 2 personar. 
Familiepakke frå kr. 3190,- for 2 vaksne og 2 barn.

Velkomen!

hotel_union_geiranger_hst_tonemolnes_2018_TMO5514.jpg
Terapibasseng_960x640.jpg
_TMO3643_E.jpg
_TSA1057.jpg