Påska er eit høgdepunkt for mange. Endeleg tid til å samle alle, både liten og stor, ung og gammal. Fleire generasjonar samla rundt same bord. Samtalar og augeblink som set seg i minnet. Det blir mange kjekke aktivitetar for born. Vi gjentek suksessen frå tidlegare med barnedisco, rebusløp inne og ute og aktivitetsrom. Kjøkkenteamet vårt diskar opp med familiebuffet med spennande rettar for både små og store. Vårstemning nede ved fjorden og flotte skiløyper oppe i høgda med spektakulær utsikt over fjell og fjord. Ønsker du å utforske den vakre naturen til fots har vi flotte turar vi kan anbefale. Spør oss gjerne om råd. Ønskjer du å oppleve Geirangerfjorden kan vi varmt anbefale ein actionfylt ribtur på fjorden.
Informasjon om program og aktivitetar vil bli lagt ut etterkvart!