07. - 09. mars

Jentehelga 2025

Vi gler oss stort til å invitere til ei ny Jentehelg 6.-9. Mars 2025! Velkomen til ei inspirerande og forfriskande helg i vakre Geiranger! Jentehelga på Hotel Union er ein unik kombinasjon av aktivitetar, avslapping, inspirasjon og sosialt samvær - skreddarsydd for kvinner som vil gi påfyll til kropp og sinn i spektakulære omgjevnader!

Her er ein liten smakebit av programmet for Jentehelga 2025

portret desiree_red.jpg

Treningsøkter og foredrag med Desiree Andersen
Desiree Andersen er ein av Noregs mest profilerte trenings- og livsstilsveiledarar. Ho er kjend for å gjere trening og sunn livsstil tilgjengeleg og motiverande for folk i alle aldrar. Gjennom nettsida si, bøker og sosiale medium har ho inspirert tusenvis til å finne balansen mellom aktivitet, matglede og kvardag. Under Jentehelga vil Desiree halde inspirerande treningstimar og motiverande foredrag som gir deg konkrete tips til korleis du kan ta vare på både kropp og sinn i ein hektisk kvardag. 

Maria AbrahamsenTeamTomorrow_AlessandraFoto_0567.jpg

Foredrag med psykolog Maria Abrahamsen - @psyktdeg
Maria Abrahamsen er psykologen bak den populære profilen @psyktdeg, der ho formidlar psykologi på ein lettfatteleg og engasjerande måte. Maria brenn for førebygging og har ein heilskapleg tilnærming til helse. Ho er ein ettertrakta foredragshaldar og bestseljande forfattar. I 2020 mottok ho Psykologforeininga sin formidlingspris, og i 2022 blei ho nominert i kategorien Empowerment under den internasjonale prisutdelinga «About You Awards» i Milano. I tillegg til sitt sterke engasjement for mental helse og næringsliv, er Maria tobarnsmor, busett på Sørlandet, med eit stort hjarte for familielivet. Under Jentehelga vil Maria halde eit inspirerande foredrag om stress og stressmestring:

Er du lei av at stress styrer kvardagen din? I dettte foredraget vil vi dykke djupt inn i effektive strategiar for stressmestring, og gi deg verktøya du treng for å gjennopprette balansen mellom arbeid, fritid og eigenomsorg. Med innsikt frå psykolog og mentaltrener Maria Abrahamsen, lærer du korleis du kan identifisere stressfaktorar, bruke praktiske teknikkar for å handtere dei, og ikkje minst  - korleis du kan skape meir ro og glede i kvardagen. 
Gjennom ein kombinasjon av forsking, praktiske øvingar og personlege refleksjonar, vil du gå ut frå dette foredraget med ei djupare forståing av kva som stressar deg, og korleis du kan ta tilbake kontrollen over livet ditt. Anten du står midt i eit hektisk arbeidsliv, balanserer fleire roller, eller rett og slett berre ønskjer å finne ei indre ro, vil dette foredraget gi deg konkrete verktøy og inspirasjon til å mestre stress på ein sunn og berekraftig måte. 

Tone_portrett_lydbad_DSCF8493_red.jpg

Finn ro og balanse med Tone Solholm
Tone Solholm er ein av gründerane bak pulskuren.no – eit nettsamfunn for førebyggande helse. Ho er utdanna Enhetsterapeut innan Mestringsmedisin hos lege Audun Myskja ved Senter for Livshjelp, med fordjuping i bruk av lyd, stemme og syngebollar i terapeutisk samanheng. Under Jentehelga inviterer Tone deg med på stressbalanserande aktivitetar som meditasjon og lydbad, samt dei eldgamle tibetanske ritene – ei rørsleserie som styrkar både fysisk og mental helse.

Yoga og cold water swimming
Vi har med oss dei dyktige instruktørane våre - Linda og Vendela, som tar oss med på ulike yogaøkter, meditasjon, saunarituale og ikkje minst utfordrar oss til å oppleve den oppkvikkande effekten av eit bad i den iskalde fjorden! 

Pilates
Gjennom helga inviterer vi til pilatesøkter i Tårnet med dyktige og inspirerande Erna! Styrk kjernemuskulaturen og finn fokus med pilates.

Hudpleiekurs med Babor
Lær å ta vare på huda di og få hudpleietips frå ekspertane frå Babor!

Vi tilbyr 2- og 3-dagars pakkar denne helga

3-dagers pakke - start helga tidleg med ei mjuk oppladning i Union Spa på torsdag. Pris frå kr. 5130,- per person. Bestill her.
2-dagers pakke - Fredag til søndag. Pris frå kr. 3670,- per person i standard dobbeltrom. Bestill her.


_TMO1952_E.jpg

Bestill opphald