Denne helga tek vi deg med på ei kulinarisk reise til Italia! Kjøkkenet vårt set fokus på det italienske kjøkkenet og byr på smakfulle rettar inspirert av autentiske italienske tradisjonar. Frå ferske råvarer til klassiske rettar og moderne vriar – alt er nøye komponert for å gi deg ei ekte italiensk smaksoppleving.
Her finn du programmet for helga.
Ein tradisjonsrik vinprodusent frå hjartet av Piemonte
Vi får besøk av den italienske vinprodusenten Massolino. Massolino er ein anerkjend vinprodusent frå Serralunga d'Alba i Piemonte, Italia, med røter tilbake til 1896. Grunnlagd av Giovanni Massolino har familien gjennom generasjonar utvikla vingarden med fokus på kvalitet og tradisjon. Dei er særleg kjende for sine Barolo-vinar, mellom anna frå den prestisjetunge Vigna Rionda-vinmarka. Massolino har òg spela ei viktig rolle i vinproduksjonen i regionen, blant anna gjennom etableringa av Consorzio di tutela Barolo e Barbaresco i 1934.
Vinmesse i Geirangersal 2
Laurdag mellom kl. 12.00 - 15.00 inviterer vi til vinmesse i Geirangersal 2 med Vino Piemonte og Red&White. Pris inngang kr. 250,- pr. person. Kjøp billett her.
Vinsmaking med Massolino
Laurdag 29. mars inviterer vi til vinsmaking med Massolino frå kl. 15.30 - 17.00. Pris vinsmaking kr. 495,- pr. person. Aldersgrense 18 år. Meld deg på her.
Operapub laurdag 29. mars.
Vi inviterer til ei stemningsfull musikkoppleving når Frida Gudim, Hannah Edmunds og Mattis Holthe Møll Austrheim kjem til Hotel Union Geiranger for å halde ein minikonsert.
Velkomen til ein kveld fylt med vakre tonar og stor musikkglede!
Helgepris frå kr. 3670,- per person i standard dobbeltrom inkl. frukost og middag.