11. - 13. april

Improshow palmehelga

Laurdag 12. april inviterer vi til eit forrykande improshow!

Oskar Fjørtoft og Jesper Lange kjem på besøk til vakre Geiranger for å gi deg eit heidundrandes improvisert humorshow. 

Dei improviserte scenene kan handle om alt i frå mormor på første date, to søsken som også er søskenbarn, og Gaute Grøtta Grav som er sliten. Dette er showet der alt kan skje, og alt er improvisert - du har aldri sett det før, og du får aldri sjå det igjen.

Så kven er desse karane?

Jesper er komiker og improvisatør, og er kjent frå «Ikke lov å le på hytta - Folkets deltaker». Han er kjent for sine nydelege parodiar, og er aktiv på fleire av hovudstadens humorscener.

Oskar Fjørtoft er komiker, podkaster, konferansier, og radio-programleiar. Han er kjent som programleiar i NRK P3 og podkasten «Ta vare», samt frå fleire show i Oslo. Han er også aktuell med sitt eige talkshow: «Steikje Løye»

Oskar og Jesper gleder seg til å ta turen til Geiranger, og håper at du blir med på festen!

Showet blir etter middag og er inkludert i hotellopphaldet den helga. 

Improshow-2.png


Bestill opphald