25. - 27. april

Helene Bøksle i Geiranger

Konsert med Helene Bøksle på Hotel Union Geiranger

Laurdag 26. april inviterer Hotel Union Geiranger, i samarbeid med Festspela i Geiranger, til ei magisk konsertoppleving med Helene Bøksle. Med si unike stemme og trollbindande musikk tek ho oss med inn i eit vakkert nordisk lydlandskap, inspirert av natur, historie og mystikk.

Helene Bøksle er ein av Noregs fremste songarar, kjend for si trollbindande og unike stemme. Sidan ho debuterte, har ho stått på dei største scenene i heile landet, deltatt i ei rekkje TV-program, laga musikk til spel og stadig utfordra seg sjølv og dei rundt seg. Helene har gitt ut ni soloalbum, og musikken hennar har blitt strøymd fleire titals millionar gonger. Med si kraftfulle stemme og sin musikalske kombinasjon av tradisjonell folkemusikk og moderne verdsmusikk, fengjer ho publikum med si tilstadevering og musikalitet.

I 2024 markerte Helene Bøksle eit storslått jubileum, der ho feira 20 år som artist ved å gjenskape suksessframsyninga «Elverhøy» i Ravnedalen i Kristiansand, før ho avslutta året med å fylle Oslo Spektrum. I år byr Helene på ny musikk og skal halde fleire konsertar på nokre av dei mest spektakulære stadene i Noreg.

Billettar til konserten kjøper du her: https://festspel.ticketco.even...

Konsertstart kl. 18.00. 

HB3722.jpg