16. - 18. mai

Feir nasjonaldagen i Geiranger

Velkomen til feiring av nasjonaldagen i vakre Geiranger. Meir nasjonalromantisk setting skal du leite lenge etter med høge fjell, fjord og brusande fossefall. Visste du at ein av våre mest kjende og kjære 17. mai songar "Vestland, Vestland" blei skriven nettopp her i Geiranger? 

Under finn du gode tips til aktivitetar og opplevingar. 

17. Mai frukost
Start nasjonaldagen med ein god frukost hos oss med utsikt over Geirangerfjorden. Frukost er inkludert i overnattinga dersom du bur på hotellet. Det er og mogleg for eksterne gjester å bestille frukost hos oss. Reserver bord på førehand! For bordbestilling ring 70 26 83 00.

17. Mai meny

Frå kl. 12.00 - 18.00 serverer vi ein eigen 2 retters lunsjmeny. Menyen vil bli lagt ut etterkvart. Du kan velge om du vil sitje inne i restauranten med utsikt over fjorden eller utandørs på Dronningterrassen. Reserver bord på førehand! For bordbestilling ring 70 26 83 00.

17. Mai buffet
Avslutt dagen med ein god middag. Frå kl. 18.30 - 21.30 inviterer vi til Unionsbuffet med eit rikt utval av både varme og kalde retter, og flotte dessertbord. Det er og mogleg for eksterne gjester å spise middag hos oss. Reserver bord på førehand! For bordbestilling ring 70 26 83 00.

Aktivitetar og opplevingar

Vel om du vil ta del i den tradisjonelle nasjonaldagsfeiringa saman med bygdefolket her i Geiranger. Tradisjonen tru blir det tog med korpsmusikk frå sentrum og opp til kyrkja kl. 10.30. Gudsteneste i Geiranger kyrkje kl. 11.30 og samling på det lokale samfunnshuset Gildetun like ovanfor hotellet. Eller kva med å feire nasjonaldagen med ein vårskitur til ein av fjelltoppane rundt Geiranger? Vi kan og anbefale ein tur til fjordgarden Skageflå. Med flagget i handa og spektakulære omgivnadar kan vi garantere eit skikkeleg "Insta-moment". 

Union Spa
Ønskjer du heller å roe ned og berre nyte dagen så kan vi varmt anbefale eit besøk i Union Spa. Her kan du lene deg tilbake i god stolen og nyte utsikta over Geiranger, ta deg eit bad eller bestille ei velgjerande spabehandling. 

AR270748_red.jpg
Foto: Ása Steinarsdottir

Sammenstilling_17.mai.jpg
hotel_union_geiranger_sommer_tonemolnes_2018_TMO9495.jpg