Fjordromantikk

La romantikken blomstre! Ta ein pause frå kvardagen og overrask din kjære med eit romantisk opphald på Hotel Union i Geiranger. 

I denne pakken får de oppgradert rom med fjordutsikt, bobler og sjokolade på rommet ved innsjekk samt fri tilgang til Union Bad & Spa under opphaldet. I Union Bad & Spa får de 1500 kvm med velvære. Unn dykk ei vegjerande spabehandling med ein av dei dyktige terapeutane våre. Vi tilbyr også parbehandlingar og vi kan varmt anbefale hamambehandlinga. 

Vår i Geiranger

Våren er kanskje den finaste tida i Geiranger, når snøen smeltar og fossefalla veks seg store og flotte, og det spirer og blir grønt oppover fjellsidene! Geiranger har mange flotte turmoglegheiter å by på, men våren er lunefull med skredfare i dei bratte fjellsidene, så sjekk varsom.no før du legg ut på tur og spør gjerne i resepsjonen om kvar det er trygt å gå. I denne artikkelen har vi samla nokre av dei mest populære turane i Geiranger: https://www.hotelunion.no/arti... Eller kva med ein ribtur på fjorden kombinert med ein tur opp til fjordgarden Skageflå eller leig el-sykkel og utforsk bygda på sykkel.

Tips til aktivitetar:

  • Ta med din kjære på ein romantisk fjelltur. Kjøp med ein god nistepakke frå hotellet og nyt ein romantisk piknik med spektakulær utsikt. Vi kan anbefale ein av desse turane: Skageflå, Vesterås Gard eller Storsæterfossen. 
  • Gå Fossevandringa ned til sentrum og nyt ein god lunsj på ein av spisestadane nede ved fjorden. Hugs å ta ein selfie med fossen i bakgrunnen!
  • Nyt ei avslappnade stund i Union Spa. Bestill ei spabehandling med ein av dei dyktige terapeutane våre. Vi tilbyr også par-behandlingar og kan spesielt anbefale hamambehandlinga.


Her finn du fleire gode tips til aktivitetar og opplevingar:

Topp 10 opplevingar om våren/sommaren.

Topp 10 opplevingar om hausten.

Topp 10 opplevingar om vinteren.

Fjordromantikk pakken inkluderer:

  • Overnatting i oppgradert rom med fjordutsikt
  • Bobler og sjokolade på rommet ved ankomst
  • Frukost i Restaurant Fjorden og/eller i Union Spa
  • Middag i Restaurant Fjorden
  • Inngang til Union Bad & Spa under heile opphaldet (gjeld frå kl 15.00 ankomstdagen til kl. 12.00 avreisedagen)

Kampanje 9.-17. Mai - Utvalde datoar frå kun kr. 3150,-.
Ordinær pris frå kr. 4200,- for 2 vaksne.

Denne pakken er tilgjengeleg utvalde datoar mellom 15. august - 15. juni.

_TMO9472_E.jpg
_TMO2378_E.jpg
_TMO9520_E.jpg
_TMO2069_E.jpg

hotel_union_geiranger_var_tonemolnes_2018_TMO4282.jpg

hotel_union_geiranger_var_tonemolnes_2018_TMO4533.jpg

Bestill opphald